expr:class='"loading" + data:blog.mobileClass'>

onsdag 21. januar 2015

Kunstkjøpeglede

Rett som det er blir eg utrulig fyllt opp positivt av møtet med folk som kjem og kjøper bilde. Dei fleste kjem med ei tydeleg forventning og glede. Dei skal investera i seg sjølv eller gle noko som står dei nær. Dei har bestemt seg for å bruka pengar på farge, estetikk og bodskap. Nokre har spart pengar eller fått ei gåve. Andre har sett seg ut eit bilde som dei berre MÅ HA. Uansett, mange bildekjøparar har det til felles at dei har ei spesielt fin utstråling når dei kjem. Det oppstår ofte svært opne og fine samtalar, truleg fordi dei har fulgt ein slags intuisjon, ei gjenkjenning, og handla på denne. Eg kjenner meg utrulig takksam for å få halda på med dette i slike situasjonar. Tvilen som eg på tunge dagar kan ha om eg er ein skikkeleg kunstnar, er som blåst vekk då, og sjela mi kjennest så lett, så lett.

Eg kjenner at eg gjerne skulle likt å også få del i kunstkjøpegleda / utstrålinga også. Trur kanskje eg sjølv snart må investera i eit kunstverk av ein annan kunstar.

LinaLyng

mandag 19. januar 2015

Å bli sett

Eg vart så rørt av noko eg las av Wilfrid Stinissen i dag.

Stinissen skriv at dersom ein ikkje kjenner at ein møter eit kjærleg blikk når ein møter Gud, då er det ikkje Gud ein har møtt.

"Kvart menneske ber i seg ein djup lengt etter å med kjærleik bli sett og og kjent av nokon andre. Høyrer det ikkje kjærleiken til å ikkje vilja halda noko skjult for den ein elskar? Ein vil bli heilt gjennomskoda, i sitt lys og sitt mørke, bli kjærleg møtt med eit stort JA til akkurat den ein er." (mi oversetjing frå svensk)





LinaLyng

onsdag 14. januar 2015

Ein dårleg månad?

I dag hadde eg ein skitur i tett snøvær med ski som veksla mellom å vera bakglatte og så klabbete at eg nesten ikkje kunne balansera oppå dei. Men det gjorde godt likevel :-) "Det finst ikkje dårleg vær, berre dårlige klær", heiter det jo. Kanskje bør eg også begynna å tenkja i dei banar når det gjeld årets månader? "Det finst ingen dårleg månad,  berre manglande hugnad" eller noko sånt. 
Grått og trist eller berre kvitt og annleis?
Eg reknar januar som ein utelukka transportetappe. Det er den einaste tida på året eg faktisk ynskjer at tida skal gå fort. Men i år har det faktisk ikkje vore så verst! Eg trur faktisk at eg har blitt flinkare til å ta dagane som dei kjem, ikkje stressa og sjå på kvar dag som ein ny mogelegheit. Ja, eg har blitt flinkare til det. men laaaangtfrå utlært. Å finna hugnad - glede - i det som faktisk ER her og no.... Det er livskunst!