expr:class='"loading" + data:blog.mobileClass'>

fredag 11. april 2014

Openheit kjem ikkje av seg sjølv.


Hjartekontakt byggjer på openheit. I det siste har det gått opp for meg at å vera open er eit vågestykke som kostar noko for alle. Eg trur at for mange som er av den såkalla litt meir reserverte typen, ser det ut som det er kjempelett å for dei som er opne og pratsomme å gje av seg sjølv. Eg trur ikkje det. 

Det er nokre menneske blant oss som vågar å vera litt ærlegare enn andre. Som gjev meir av seg sjølv. Som seier høgt at dei kjenner seg einsame, har psykiske vanskar, kjærleikssorg, sjukdom, stryk på eksamen, misser jobben.... Mange seier at det er modig å dela slik. Andre kallar det "over-sharing".... Meiner eg så at alle skal vrenga sjela si ut på facebook? Nei. Men eg meiner at me alle skal streva etter å gje oppriktig av oss sjølve og ikkje minst ta imot med varme og respekt når nokon gjev oppriktig av seg sjølv. Sjølv om det av og til kan bli litt mykje av det gode. Sjølv om nokon då seier noko dumt innimellom. For det kostar å vera open, også for dei som det ser ut som det er så lett for.

Av og til når eg har vore open framfor ei forsamling, til dømes, kjenner eg meg heilt vrak etterpå. Poff, der har eg vore for open og sagt noko dumt. Då kan eg ha det heilt forferdeleg i ettertid. Ei amerikansk dame som heiter Brene Brown har kalla det "shame-storm", eit dekkande ord, syns eg. Skam-storm er grusomt når det pågår, og i følge Brown har dei alle opplevd det. Skam-storm er så fælt at ein helst vil unngå å gjentaking. Likevel har eg bestemt meg for at risikoen for å sei noko dumt og oppleva nye stormar av skam er ein risiko eg skal leva med. Eg er villig til å leva med risikoen for at det kan skje igjen. Ein kalkulert risiko som eg er villig til å ta fordi gevinsten -hjartekontakt- potensielt er så stor. 
Å verkeleg gje av seg sjølv er ikkje det same som å over-dela. Eg har ei fortid innan sosialt arbeid, og etter å ha jobba ein del med menneske med rusproblem, såg eg eit mønster i ein måte å vera open på som eg kalla for rusmisbrukarærleg. Rusmisbrukarærleg er å fortelja uoppfordra og tilsynelatande svært ope om problema sine; til dømes betru at ein nyttar litt illegale rusmidlar, medan ein i røynda faktisk rusar seg ganske mykje. Ein er tilsynelatande eksemplarisk open. Det er vel ein slags "angrep (openheit) er det beste forsvar"-strategi. Eg vil understreka at eg på ingen måte vil hengja ut folk som strir med rusproblem! Eit ordtak seier "If you can spot it, you've got it." (- Ser du det så har du det.), og det at eg fann opp ordet "rusmisbrukarærleg" seier vel mest om meg sjølv. Eg har sjølv brukt mi eiga (tilsynelatande) openheit som ein slags rustning mot å visa kva som verkeleg gjer vondt for meg. Sjølv om eg er ein person som kan framstå som open, må eg og ta aktive val for å gje av meg sjølv på ein ekte måte, kvar dag.

Ein treng ikkje vera open for ei forsamling eller på facebook. Det kan halda med ein venn, eit familiemedlem eller ein kjærast. Å vera ærleg og open er eit valg ein må ta på ny kvar dag. Og eg meiner det er eit valg for alle, uansett såkalla temperamentstype, open / reservert, pratsom / ordknapp). Det handlar om å gjera seg sårbar for sine medmenneske, slik at ekte hjartekontakt blir mogeleg. Å våga å la seg sjølv bli sett som den ein er. Så enkelt og så vanskeleg. For alle. 

Dette typiske konfirmasjons-diktet er fint, syns eg: 
Våg å være ærlig
våg å være fri
våg å føle det du gjør
si det du vil si.
Kanskje de som holder munn
er reddere enn deg?
Der hvor alt er gått i lås
må noen åpne vei. 
       (...) Noen trenger alt du er 
        og at du er sann! 
~Hans Olav Mørk~