expr:class='"loading" + data:blog.mobileClass'>

fredag 21. februar 2014

Å begynna med prikken over i'en

"Skjønnhet kommer utenfra, utenfra og inn" All rights reserved © LinaLyng

Mange av oss har lært frå barndommen at det fins ei rett og ei feil rekkefølge å gjera ting i. Ein skal helst trena før ein kosar seg meg yndlingsprogrammet på tv,  rydda før ein vaskar, eta grovskjeve før ein får fruktyogurt, eta middagsmaten før dessert, gjera lekser før ein er saman med venner, gjera keisame husarbeidet først og så kan ein kosa seg med pynting, dersom ein er mellom dei som likar det, etterpå... 

Eg har oppdaga at det er ikkje alltid at den såkalla rette rekkefølga er så rett i praksis. I alle fall ikkje for meg. Av og til fungerer det overraskande bra, nesten på magisk vis, å snu på det heile.

Eg las om den fargerike TV-personlegdommen Christine Koht at ho pleidde å gå rundt i fancy treningsklede heime, utan å trena. Ho meinte at påkledningen gjorde at ho følte seg mykje meir sporty og fresh, og dermed fekk ein betre kvardag av dette. Og plutseleg kunne det også skje at ho faktisk trente, og då var ho jo klar. Koht har det med å overdriva og er ei dame som det er lett å flira av / med, men eg lurer på om ikkje ho også har oppdaga ein djup løyndom.

Personleg går eg ikkje rundt i treningsklede, men eg har no mine metodar eg også... Til dømes når eg skal rydda i heimen, eit arbeid eg ikkje i utgangspunktet er særleg glad i, begynner eg nesten alltid med pyntinga først. Det vil seie at eg ordnar det fint på borda (då må eg jo rydda og vaska dei i samme slengen), set fram blomar og tenner lys. For meg får jobben med å rydda det andre rotet ei enorm drahjelp av dette. Skal eg til med større prosjekt, kan det vera at eg til dømes begynner med å mala ein vegg, uten å ha klargjort rommet med rydding og maskering / tildekking. Dette er kjedelige jobbar som eg får gjort i ein fei, nesten uten at eg merkar det, når eg ser kor fint og kjekt det blir med ny farge på veggen. Ein kan vel nesten sei at eg begynner med det lille ekstra før eg har gjort det grunnleggjande.

Som Christine Koht, kan eg også nytta klede som strategi til å ta ein snarveg mot det målet eg vil nå. Tidlegare hadde eg ein kontorjobb der eg streva med å få unna mykje keisamt papirarbeid som var ein del av arbeidsoppgåvene mine. Ein dag bestemte eg meg for å begynna å gå med skikkeleg kontordame-klede på jobb. Eg leita innerst i skapet og fann fram blusar, sekretærskjørt og høge hælar. Og det hjalp! Litt fordi mine kjære kollegaer syns eg hadde ei festleg tilnærming til det heile og dermed vart det meir lått og løye på arbeidsplassen, men ikkje berre difor. Utsida påverkar innsida! Og omvendt, sjølvsagt. Det var vel kanskje difor eg aldri vart ei heilt fantastisk kontordame, uansett kor mange skjørt og blusar eg tok på meg. Det var fordi eg ikkje er kontordame innerst inne.

Når ein brukar strategien med å ta det det lille ekstra, eller det ytre først, til å uttrykka det som ein verkeleg er, eller den ein verkeleg ynskjer å bli, då trur eg denne metoden verkeleg har kraft i seg. Er du eigentleg ein matentusiast? Invister i noko fancy kjøkkenutstyr! Be nokon på ein herleg middag! Er du eigentleg ein friluftselskar som har kome deg altfor lite ut? Heng utstyret og kleda klart, la det visa i heimen din! Eller meld deg inn i eit turlag! Er du eigentleg ein fotograf? Sjå til at du har eit skikkeleg kamera, vis fram bilde du har teke og verkeleg likar i stort format så andre kan sjå dei! Eller del bileta på facebook! Ta nokre ytre grep i dag for å visa både deg sjølv og omverda kven du eigentleg er og vil vera!

Det finst andre måtar å nærma seg det ein ynskjer å oppnå enn den streve-jevnt-og-trutt-metoden både foreldre og skule har lært barn til alle tider. Kanskje endar ein til slutt opp med å ha lagt ned minst like mykje arbeid, uansett korleis ein arbeider mot målet. Men kanskje har ein også hatt det mykje morsommare på vegen? Ein kan også risikera å stråla litt ekstra ;-)