expr:class='"loading" + data:blog.mobileClass'>

fredag 21. mars 2014

Bli med meg til ein ny by


"Bli med meg til ein ny by"

Å reisa er ikkje berre å koma seg vekk, men også koma nærare seg sjølv. Ei reise kan gje livet ny giv og ny retning. Å reise kan både vera å ta pause og ta fart. 

Det blir sagt at "å reisa er å dø ein smule". Det er eit sitat eg har grunna mykje på og som eg syns det er mykje sant i. Eg elskar å reisa, men eg er også ganske stressa rett før eg skal avgårde. Dagen før eg avreise angrar eg nesten alltid på at eg har bestillt billettar, sjølv om eg har lengta aldri så mykje etter å reisa. Men eg har aldri angra i ettertid. For som ei av mine beste venninner frå ungdommen alltid har sagt: "opplevelsar er opplevelsar". Opplevelsar ville ein ikkje vore forutan sjølv om det kan vera litt kronglete der og då. Ein treng å ta ut på eventyr av og til for å sjå sin eigen kvardag og sitt eige liv med litt nye auge, for å kunna kjenna på at "borte bra, men hjemme best". 

Eit av mine desiderte favorittreisemål, og min yndlingsby i verda er Paris. Første gong eg kom til Paris, var våren 2007, nokre månader etter at me flytta hit me bur no. Eg var nett ferdig med ei lang akademisk utdanning som eg lengta etter å få nytta i arbeidslivet, men det tok nokre månader før eg fekk jobb. Me hadde endeleg teke det O store valet om kvar me skulle busetja oss fast her i verda, og eg kjende på ei aldri så lita usikkerheit på om me hadde teke rett val. I etteritd ser eg tilbake på den tida som ganske tung og forvirrande. Så fann eg altså ut at eg ville ta familien med til Paris. Eg hadde aldri vore der før, og kvar eg tok det frå veit eg ikkje heilt. Det er jo kanskje heller ikkje det opplagde reisemålet med små barn. 
Me var berre vekke fire dagar, likevel vart den reisa eit vendepunkt for meg. Eg fekk liksom livsgleda tilbake, begynte å digga livet igjen. Eg kjente at når eg no hadde gjennomført draumen om å dra til Paris med familien, ja så er det jammen mange andre draumar som også fint kan realiserast. 

Eg kan eigentleg ikkje heilt setja ord på kva det eigentleg med Paris. Første gong eg kom dit var eg temmeleg overraska over at det var SÅ fantastisk, eg var førebudd på at det var svært overdrive dette med at det er den vakraste byen i verda. Eg forstod for alvor at det er ein grunn til at enkelte stader er enorme turistmagnetar. For meg handlar truleg om ein kombinasjon av steminga, skjønnheten, arkitekturen, storleiken, kunsten, kjensla av å verda i ein verdsby, sjarmen, kyrkjene, menneska og alle turistane. Estetikken er så til dei grader i hovudsetet i denne byen og det gjorde noko med meg. Dersom du ikkje har vore der, dra dit og opplev det sjølv! Kanskje bildekavalkaden under her kan formidla noko av det som gjer meg sånn energi? 

Seinare har eg vore jamnleg tilbake til Paris. Og det kjem eg truleg til å halda fram med resten av livet, (så lenge helsa og økonomien tillet det, he he.) Seinare har eg vore mange andre fantastiske stader også. Imponerande, flotte, sjarmerande, som til dømes både Roma og Barcelona er. Og for kvar nye vakre stad som eg besøkjer og likar, må eg berre erkjenna det opplagte: dette er fint, men det er ikkje Paris... Det skal seiast at eg har høyrt om fleire som har vore i Paris og som berre er sånn passe begeistra. Dei har heilt sikkert andre stader som er for dei det Paris er for meg. Byen der eg kjenner meg heime nok til å elska han, og samstundes framand nok til å sjå meg sjølv og livet i eit anna og nytt perspektiv, og klarer å tenka klart i forhold til kva eg ynskjer vidare i livet. Siste gong eg var i Paris, for litt over eit år sidan, bestemte eg meg for at eg vil satsa meir på kunsten. Og etter det la alt seg til rette for at eg kunne få mala meir. 

Har du eit reisemål som du stadig må venda tilbake til? Ein stad der du finn det ekstra lett å sjå deg sjølv og livet ditt i perspektiv? Eg vil gjerne høyra om det!


Kakene! Makronane! Croissantane! Eg går merkeleg nok ned 2 kg kvar gong eg er i Paris, trass i at eg stappar innpå med slikt (til og med på flyturen heimover). Det må jo bety at eg er i mitt ess, eller noko.