expr:class='"loading" + data:blog.mobileClass'>

fredag 7. mars 2014

"Hjertets tomhet er håpets mulighet"


 "Hjertets tomhet er håpets mulighet" All rights reserved © LinaLyng

Den siste tida har eg stadig blitt møtt med folk som seier at det er kjekt å sjå at eg er så produktiv for tida. Dei har observert at eg har lagt ut mange nye bilde på facebook og her på heimesida mi, og at eg har begynt å blogga igjen og reklamera aldri så lite for LinaLyng.

Sanninga er at eg slett ikkje er produktiv for tida. Sanninga er at eg har slite med sjukdom og har svært lite energi, og at eg rømmer til facebook og internett når eg ikkje eg orkar så mykje anna i den verkelege verda.

Eg er ikkje så flink til å vera snill med meg sjølv når eg er energilaus, kjenner meg tom og har lite å gje. Eg har ein tendens til å fordømma meg sjølv for alt eg ikkje får gjort og klandra meg for å vera både lat og dum.

Ein av dagane då formen min var som aller dårlegast, eg følte meg berre tom, fekk eg tilsendt ein nydeleg inspirasjon av den danske presten Ole Skjerbæk Madsen. Han skreiv om tomheit, at Gud skapte verda ut frå nettopp tomheit.

Madsen skriv mellom anna at tomheita korkje var eller er skild frå Gud, men var det rommet skapinga kunne skje i. "Vær uden frygt, når du møder tomheden, når alle selvbilleder og domme og illusioner opløses (...) Hjertets tomhed er håbets mulighed".

Orda hans gjekk rett til hjarta på meg og fekk meg til å akseptera meg sjølv og mitt indre (og fysiske) audeland på ein ny måte. Ja, eg vart beint fram fylt med forventning til kva godt som kan bli skapt ut frå dette tomrommet i livet mitt.

LinaLyng