expr:class='"loading" + data:blog.mobileClass'>

søndag 16. mars 2014

Feiltrykk og opprykk





Dei fleste av bildene eg sel er såkalla giclee-trykk. Det er dyrt på produsera bilde på denne måten, berre papiret kostar nærare 1000 kr pr kvadratmeter. Då er det frustrerande å gjera feil. Spesielt i stort format, slik som dei fleste bildene mine er. Det er ikkje få lappar som eg har brukt på dyre prøvetrykk og så har ikkje fargane blitt som eg hadde tenkt meg. 

Etter kvart har eg begynt å sjå litt annleis på dei såkalla feiltrykka mine. Fordi papiret er av såpass god kvalitet, har eg anledning å mala oppå for hand dersom eg ikkje er heilt nøgd med fargane. Eller eg nyttar - som i gårkveld - pastellkritt. Og det gode er at fleire gonger har eg opplevd at dei såkalla feiltrykka faktisk har blitt dei finaste bildene til slutt. Og dessuten får kjøparen då eit bilde som (sjølv om det er produsert i opplag) er heilt unikt, eit bilde som det ikkje finst 100% make til her i verda. 

Så kan ein jo seie at desse feiltrykka også representerer aldri så lite meirarbeid for meg. Det er sant. Samtidig har eg opplevd at dette er litt sånn arbeid som er enkelt å forhalda seg til og gjera dei dagane eg ikkje er heilt i malemodus og inspirasjonen ikkje akkurat gnistrar. For å arbeida med fargar gjer alltid noko med meg. Medan eg sit slik og ordnar på fargane, hender det rett som det er at tid og stad forsvinn, eg får nye bildeidear og aller best: eg blir glad og inspirert!

Eg trur det ligg ei djup sanning i at akkurat våre feil og manglar, også er vår unike sjanse til å bli noko heilt briljant og unikt. Feiltrykka i livet kan rett og slett skapa rom så inspirasjonen med stor I, den som kjem utanfrå og inn, kan få landa i oss.