expr:class='"loading" + data:blog.mobileClass'>

mandag 24. mars 2014

Eit av mine første bilde

Akvarell uten tittel, Lina Valland, 1994

I dag vil eg dela med deg eit bilde som eg mala då eg var 16 år. Det er ikkje noko stort kunstverk, men eg har veldig gode minner til korleis det var å mala dette bildet. For første gong nytta eg bevisst ein spesiell teknikk. Eg bestemte meg for å nyta kvart penselstrøk, ta lange strøk i vakre fargar, eg liksom mediterte medan eg heldt på, heilt utan tanke for det ferdige resultatet eller plan for korleis bildet skulle bli til slutt. Eg bestemte meg for at kvart drag med penselen skulle vera fint og at kvar bit av bildet skulle ha ein eigenverdi, dvs at bakgrunnen skulle vera like dekorativ og fint mala som motivet. Det er morsomt å sjå tilbake på sånne bilde som representerer milepælar i utviklinga mi. Det var også eit slags sorgarbeid å mala dette bildet. Eg hadde nyleg mista to venner som drukna på fjorden (jmf blome-diktet frå eit tidlegare blogginnlegg). Personleg syns eg at eg framleis kan sjå at det ligg ungdomssterke kjensler i penseldraga, men det er kanskje berre eg som ser det?