expr:class='"loading" + data:blog.mobileClass'>

søndag 16. februar 2014

Ord som styrer bildet?

Eg har fått mange tilbakemeldingar på titlane på bildene mine, både positive og negative. Mange har gitt uttrykk for at det var nettopp tittelen som gjorde at bildet "gjekk inn" hjå dei. Medan andre har sagt at dei opplever at titlane avgrensar den frie opplevinga av maleria, dei kjennest som eg vil styra dei inn i bestemte tankebanar. Det blir for konkret og litt banalt, kanskje? Eg har ingen problem med å skjøna kva dei som seier dette meiner.  Det er jo absolutt dumt å begrensa opplevinga til betraktaren i ein viss retning. 

Det er faktisk sånn at orda styrer bildet, også for meg. Tittelen er verkelg ein del av bildet, ei aha-oppleving som låser opp bildet for meg. Eg veit veldig ofte ikkje heilt kva eg malar før tittelen kjem til meg, og det kan skje både tidleg og seint i prosessen. På forsida av bildegalleriet mitt står det at eg ved "å mala utforskar kjensler og opplevingar som ikkje er tilgjengelege for meg gjennom ord". Denne samanhangen er utrulig sterk for meg, og den er grunnen til at eg berre MÅ mala. Når det då plutseleg kjem ord til eit bilde eg held på med, så er det ei svært underleg oppleving for meg. Og det er ikkje slik at eg forstår alt i mitt eige bilde kun fordi dei orda "høyrte til". For meg sjølv held ord og bilde fram med å "dirra saman" på ein meir eller mindre uforståeleg måte i år ut og år inn. Eg gjev altså ikkje titlane for å forklara kva eg har malt, sjølv om det virkar sånn for mange. Titlane er ein sjølvstendig og viktig komponent i både maleopplevinga for meg og i det ferdige produktet. Tittelen "låser opp" bildet, ja, men den opplåste døra fører kun inn til eit nytt, gåtefullt univers, og ikkje inn til ein fasit. 

Eg har gong etter gong sett bilde som eg har malt få eit heilt nytt liv, heilt nye historiar symbol i møte med nett DEG som betraktar og det du ser og det livet du har med deg. Tittelen er inga fullgod forklaring på kva eg har malt. Du står heilt fritt til å sjå på bildene mine og tolka dei og orda som høyrer til akkurat som du vil. 

Så eg kjem truleg ikkje til å endra på akkurat det med titlane. Eg er nok usedvanleg oppteken av ord, og samskapinga som skjer når ord møter fargar og motiv. Det er liksom det som er mi greie. Men ein skal som kjent aldri sei aldri, kanskje er det slik at ein dag sluttar desse titlane å "koma til meg". Då vil også mine bilde bli utan namn. 





"Fjell kan flytta tru" er ein typisk tittel som berre kom og som framleis dirrar litt uforståeleg saman med bildet, også for meg.  All rights reserved © LinaLyng