expr:class='"loading" + data:blog.mobileClass'>

fredag 28. februar 2014

Fargegriller, fargeglede

"Eg kjem til mitt gule hus" All rights reserved © LinaLyng

"NEI! EG VIL HA DEN BLÅ!!!"  "Eg vil ha den gule koppen!" Mange vaksne blir irriterte på barn som har såkalla griller når det gjeld fargepreferansar i forhold til klede, bestikk, interiør eller andre ting. Og det kan vera ei sann utfordring å prøva å overtyda ein fireåring om at maten smakar likt frå ein grønn og ein rosa tallerken. Så kanskje skal ein ikkje det? Kanskje smakar det ikkje likt? Kanskje blir ikkje livet og dagen heilt den samme om ein går i lilla glitterkjole eller grønrutete onepiece? Dei fleste barn har eit sterkt forhold til fargar. Det hadde eg også, og eg har det enno. Eg hugsar svært godt korleis det var å vera lita jente og ha fått ein ROSA kjole. Endeleg ein rosa kjole! Det var ei stor hending i livet mitt. Fargen fekk ALT til å sjå annleis ut. Der og då var den rosa kjolen omtrent det viktigaste i livet mitt, eg vart fylt av mange nye kjensler på grunn av nett den fargen. Og eg gjekk ikkje i barnehage og eg var ikkje utsett frå gruppepress eller merkepress av noko slag. Eg hadde berre behov for rosa. Eg hadde barnleg fargeglede.

Akkurat når det gjeld fargar, har eg faktisk langt på veg bevart barnet i meg. Utan å tenka meg om, reiser eg meg frå bordet og går eg og hentar ein ny kopp eller tallerken dersom eg føler at den eg har fått er feil farge i dag. Når eg er heime hos meg sjølv, vel å merka... Litt folkeskikk har til og med eg tileigna meg etter kvart.


Eg trur eg kan sei at eg er meir enn gjennomsnittleg oppteken av fargar. Ikkje berre oppteken, eg er avhengig av rette fargar til rett tid. Eg kan til dømes ikkje sjå på eit fint fargekart som engasjerer meg seint på kveld, for då får eg ikkje sova. Det er heilt merkeleg kor mykje energi eg får av å mala med dei fargane eg føler at eg treng å mala med. Dette gjeld både på maleria mine men også i interiøret. Behover for ein spesifikk farge kan kjennast heilt fysisk for meg. Ein ny og spennande farge kan fylla meg med begeistring lenge. Det minner litt om kjensla av å ha fått ein ny og knakande kjekk venn. Ein venn som tek meg med på nye opplevingar og som får meg til å sjå på livet med litt andre auge.

I fleire år kunne eg verkeleg ikkje fordra gult. Gul påverkar alle andre fargar rundt seg. Dette mislika eg sterkt, eg følte at bittelitt gult øydelagt fargebalansen veldig. Men så, sakte, gjennom fleire år begynte eg å verkeleg lika gul igjen. Det heile begynte då me leigde eit rekkehus med eit knallgult rom i Eidfjord. Pga den fæle fargen vart rommet degradert til malerom for meg. Og det var der, i det gule rommet, eg begynte å tora å mala på store lerret og for første gong fann meg sjølv i bildeuttrykk. Det var rett og slett ei forløysande tid.

Fargar påverkar oss og stimulerer oss på ulik måte. Eg trur ikkje det er slik at ein farge virkar likt på alle, og det er sikkert ikkje like viktig for alle heller. Tidlegare hadde eg ein jobb der eg ofte hadde viktige og vanskelege samtalar med barn. "Kva er yndlingsfargen din?" var eit spørsmål som nesten alltid fungerte kontaktskapande og som fekk barnet til å slappa av. Eg innbiller meg at nokre av barna også kjende seg tatt på alvor av nett det spørsmålet. Det er eit spørsmål som berre DU veit svaret på og du får ein sjanse til å sei noko om preferansane din og kven du er på ein enkel måte.



Alle menneske, også barn, treng å oppleva at deira ønske og preferansar blir høyrte og ofte også etterlevde. Eg vil påstå at å strekka seg litt ekstra for å imøtekoma barnet sitt fargeønske på til dømes klede, sjølvsagt innanfor rimelege grenser, er ein enkel måte å ta barn på alvor. Dei fleste barn krev ikkje å få gå med den rosa kjolen eller drikka av den gule koppen for å vera vanskelege. Det er faktisk fordi dei merkar seg sjølve og sine eigne behov og preferansar og er i stand til å gje uttrykk for desse. Det er ein god og viktig ting, og fører faktisk til at ein blir mindre sjølvoppteken på den negative måten seinare i livet.

Kva fargar har du vore oppteken av opp gjennom livet? Kva farge treng DU i dag? Kanskje kan fargane vera ein måte å ta deg sjølv, historien din og behova du har i dag, på alvor?

LinaLyng