expr:class='"loading" + data:blog.mobileClass'>

onsdag 21. august 2013

Det skumle med å vera klar




"Den gule krafta" frå 2011. All rights reserved © LinaLyng

Det er litt skummelt. Faktsik veldig skummelt. Lenge, lenge, mange månader, ja, faktisk år, har eg ikkje hatt tid og rett energi til å mala. Men no ligg alt til rette. Eg har rydda plass både fysisk og tidsmessig. Eg har atelier i kjellaren, eg har ny og mindre krevande deltidsjobb, ungane er på skulen og i barnehagen, mannen på jobb.... Eg har ein lang og deilig ferie bak meg, der eg har vore på mange vakre plassar og fått mykje inspirasjon. No skal det skje. Eg skal laga bilde igjen. Eg skulle vera klar. Trur eg. Håpar eg.

Og så sit eg altså her og kjenner at det er skummelt. Tenk om eg aldri får til eit einaste bilde igjen?

Kvar kjem skapartrongen frå? Ofte forstår eg ikkje kvar inspirasjonen eller motet til å mala akkurat det bildet som eg malar kjem frå. Altså ofte begynner eg med eit motiv eg veit eg vil mala. Og av og til er det berre å mala ut det motivet, meir eller mindre pent og pynteleg, og så blir det ferdig. Men ofte er det ikkje så liketil. Av og til kjem liksom ein spesiell inspirasjon over meg. Det opplevest som ein heilt uforutsigbar, voldsom men samstundes stille "eksplosjon" skjer, eg mister sansen for tid, og blir heilt oppslukt. Eg kan i slike øyeblikk finna på å gjera heilt hårreisande "galne" ting med eit tilsynelatande ferdig og "fint" bilde. Bruka tjukk, svart tusj, mala over fine detaljar som eg har strevd lenge med, skrapa, bruka hendene, vatn.... Eg er glad ingen ser meg når eg held på, eg må sjå heilt gal ut. Noko som gjera at bildet "landar" på ein merkeleg måte og blir ferdig.

Eg skulle gjerne visst korleis eg kunne mala med slik inspirajon alltid. Men som oftast kjennest det litt meir jamnt-og-trutt-kvardagsleg å mala. Men eg veit at denne kvardagsmalinga er det beste grunnlaget for at "det" skal skje igjen. Så eg kan ikkje gjera anna enn å gå ned på malerommet, ta penslane fatt, sleppa meg laus, kjenna på kva eg føler og tenkjer og kva fargar som apellerer til meg. Så skjer det kanskje igjen. At "tilstanden" inntreff. Eg kan ikkje stressa det, eg kan berre kosa meg med å mala som best eg kan i mellomtida.

Eg har altså ingen garanti for at eg vil oppleva at fleire bilde "landar" og blir ferdige, og akkurat det er eit faktum som får meg til å kjenna meg både hjelpelaus, sårbar og ein smule stressa. MEN det hjelper å tenkja på Elizabeth Gilbert (dama bak boka "Eat, pray, love!" / "Spis, elsk, lev!") sin TED-tale om korleis ho meiner inspirasjon kjem utanfrå. Den vil eg anbefala alle å sjå! Du finn den HER Og viss eg ikkje skulle "få" fleire bilde, så har eg i alle fall prøvd. Og kost meg medan eg prøvde. .